17. januar2012

Global RallyCross i Høljes ?

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Årets EM-runde i Høljes kolliderer med rallycrossen i X-games. Neste år blir kanskje Høljes ein del av verdserien.
Det er erc24.com som skriv dette, og leiaren i Finnskoga MK Morgan Østlund, som arrangerer den svenske EM-runden, seier det er risikoen for å misse førarar, som gjer at dei vurderer dette. I tillegg gjer planane som Global RallyCross (GRC) har om om bli verdsdekkande neste år, dette endå meir aktuelt. Også China kan vere aktuell for ein GRC-runde i 2013.
-Andreas Eriksson er vår kontakt mot GRC og han arbeider hardt saman med oss for å få dette til, seier Morgan Østlund, som likevel legg til at dette berre er på diskusjonsstadiet og ingenting er avgjort.
-Det me likevel jobbar med akkurat no er å setje publikumsrekord under EM-runden i juli 2012, sluttar Østlund.

 

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>