15. januar2012

Gjennomførte Mountain Rally

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen kom seg i mål og blei nummer 50 under Mountain Rally. Foto: Benjamin Aleksander Ward
Daniel Holten og Sveinung Holten Leifsen fekk ei grei gjennomkjøring under Mountain Rally i lørdag, og enda til slutt på ein 50 plass. Likevel såg det litt stygt ut midtveis under den fjerde fartsprøva.
-Kjørte inn i ein stein og måtte ha hjelp for å få bilen laus, og me tapte vel rundt fem minutt på dette, seier Daniel, og seier vidare at i tillegg kom Sveinung ut av notene etter dette, noko som også gjorde at farten vart lågare på resten av prøva.
Sjølv om dei også øydela felgen i denne hendinga kom dei seg til mål, til service og vidare til neste prøve.
-Bilen fungerte sjølv om den ikkje har meir krefter enn den bør ha, men etterkvart som me vart betre kjend med konkurranseforma og dette å køyra etter noter gjekk det både betre og fortare.
Av dei 76 bilane som var påmelde vart Daniel og Sveinung nummer 50 til slutt.
-Nokre køyrde ut og andre fekk stopp, men det er no ein del av gamet.
Resultater Mountain Rally
www.rallybilder.net

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>