7. desember2011

Mangla 100 hestar

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Ove Skårland fekk seg litt av eit sjokk då han hadde motoren i BMW`n i Sverige for overhaling.
-Då motoren blei bremsa hos Lennart Köhler viste det seg at den mangla nesten 100 hestar i forhold til det den skulle hatt, og det som kan tas ut av motoren, fortel Ove Skårland, som er glad for at dette er oppdaga og blir retta på.
-No er Köhler i gong med overhaling av motoren, i tillegg til at det nyaste innan datasprut og kammar skal på plass. Dei har lova at bilen blir ikkje til å kjenne igjen når eg får den tilbake.
Ove Skårland blei nummer tre i Vestlandsmesterskapet i år, og målet er å kome høgare opp til neste år.
-Dersom det blir slik dei har lova får eg nesten ny bil ein gong til, og målet blir å halde følgje med Geir Harald Skeie og avansere i meisterskapen, seier ein glad Ove Skårland, som også har planar om å få med seg eit par NM-rundar om sponsorkronene strekk til.

Har du noko å fortelje om ditt prosjekt ta kontakt

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>