3. desember2011

Aldri vore så klar

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Bjørn Magne Moland Enge er i ferd med å oppgradere sin Citroen C4 for neste sesong.

Etter mykje teknisk trøbbel i 2011 sesongen er Bjørn Magne Moland Enge positiv og klar for det som skal skje i 2012.
-Tekniske problem gjennom dei siste sesongane har heilt klart gått ut over motivasjonen, men no er eg skikkeleg tent på å kome i gong med ein ny sesong, og har vel aldri nokon gong vore så klar som eg er no, seier Bjørn Magne.
Bilen er for tida hos Fredriksen Auto og Morten Fredriksen for oppgradering av framhjulsopphenget.
-Før 2011 sesongen vart bakhjulsopphenget og bakaksel oppgradert, no gjer me det same med framhjulsopphenget. Nye bærebruer, støtdemparar og fjører.
Bjørn Magne Moland Enge kjem også i 2012 til å halde fram samarbeidet med Kenneth Johansen i Moland Racing Team.
-I tillegg til arbeid med bilane føler eg at me også er godt i gong med planlegginga av neste sesong både i høve til sponsor- og informasjonsarbeid.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>