Årets Bilsportsutøvar
Trykk bildet for stor utgave.
Andreas Bakkerud vart i helga saman med Sverre Isachsen og Lars Øyvind Enerberg kåra til «Årets Bilsportsutøvar».
Alle tre vann kvar sin EM-tittel i rallycross. Andreas i Super 1600, Sverre i Super Car og Lars Øyvind i Touring Car, og dette var grunne til at Norges Bilsportforbund valde å dele prisen.
-Med norske vinnarar i alle dei tre EM-klassane i år som våre beste resultat i årets sesong kunne me ikkje skilje dei tre meisterane. Dei er alle «Årets Bilsportsutøvere», seier Bilsportforbundet sin president Roar Forgaard. Jubelen var stor blant dei rundt 600 som var til stades under NBF si premieutdeling på fredag då presidenten kunne avsløre kåringa skriv bilsport.no
Andreas Bakkerud jobbar no med å få til ei opplegg som gir han eit sete i Super Car neste år, og kåringa skulle ikkje vere eit minus i høve for å oppnå dette.
-Eg har gitt meg frist fram til 1. desember for å ta ei endeleg avgjerd om dette, seier han.
