Ny motor og oppstrekk
Trykk bildet for stor utgave.
Geir Harald Skeie er i full gong med å gjere bilen klar til neste sesong.
Bilen han kjøpte før 2011 sesongen, ein Volvo 940, blir redskapen også i 2012, men ein skikkeleg oppgradering blir det.
- Me er i full gong med dette no, og det me i hovudsak har tenkt er at karosseriet får ein skikkeleg oppstrekk og ein ny motor skal på plass for å erstatte 2,7 literen som har stått under panseret i år, forklarar han.
Han får hjelp av Ernst Holten Leifsen i Holten Motorsport, som mellom anna skal utvide hjulhus for betre plass, og Ivar Finnvik i Finnvik Bil, som byggjer av ein ny 2.9 liter til Volvoen.
-Eg har også planar om å byggje om sikkerhetsburet slik at førarsetet får ei betre plassering i bilen.
Etter at han blei Vestlandsmester i år og fekk ein 12. plass i NM i store super, har Geir Harald Skeie og Skeie Motorsport sett seg nye mål for 2012.
-Kjem til å køyre løpa her på Vestlandet og eit nytt Vestlandsmesterskap er noko eg satsar på. Når det gjeld NM vonar eg at ein større og kraftigare motor skal slå positivt ut, og målet er å få køyrt finalar i alle NM-rundane, og blir det B- eller A-finalar får det vere ein bonus, sluttar han.
