Bilde fortel: Blei overraska
Trykk bildet for stor utgave.
Svein Bjarte Holten blei sjølv ovarraska då han starta 50 års feiringa på Vikedal Motorbane med køyring for gjester og sponsorar i dag.
-I dag hadde eg ikkje tenkt å køyre sjølv, men kunne ikkje seie nei då Håkon Gjesdal Nilsen sin Divisjon 1 bli stod klar for prøvekøyring, sa han etter køyringa med bilen.
Dette var nemleg gåve frå resten av gjengen i Holten Motorsport til jubilanten. Etter ei 10-12 rundar måtte han innrømme at det var ei oppleving.
- I tillegg til at det var ganske uvant med sekvensiell kasse, turbo og firehjulstrekk, kommenterte han, som køyrde rallycross med H-gir, sugemotor og bakhjulstrekk i 20 år før han la opp i 2005.
Har du eit bilde med ei lita motorsportshistore, send det til oss så legg me det ut her.
