31. oktober2011

Vil forsvare gullet

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Stian Haugan tar ein sesong til, og målet er å forsvare gullet både i rallycross og bakke. Foto: Rune Johannesen

For Stian Haugan starta 2011 sesongen på verst mulig måte.
-Eg øydela handa under NM-opninga i Bergen, måtte operere og køyrde fire NM-rundar med gipsa arm, fortel han, som kunne innkassere tre andreplassar og ein siger med gipsa arm.
-Etter det som skjedde i Bergen trudde eg at sesongen var kjørt, men då eg blei nummer to under bakkeløpsrunden på Norefjell, forstod eg at det kunne gå og satsa alt på å henge med i toppen likevel.
Til slutt vart det NM-gull både i rallycross og bakke, og no er Stian Haugan i startgropa til ein ny sesong.
-Motoren er levert hos Köhler i Sverige for overhaling, og vidare blir det ein generell oppsjekk av bilen.
Etter at mykje i store super dei siste sesongane har dreid seg om han sjølv of Terje Morstad, ser det no ut til at fleire kjem med i klassen.
-Bakkeløp har vore skikkeleg labert, men eg er innstilt på å køyre både det og rallycross, og etter dei signala eg har fått kan det gått hende at det kjem med både 10 og 15 førarar i klassen neste sesong, i alle fall i rallycross.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>