Vil ha fleire med
Trykk bildet for stor utgave.Michael Seilen vil ha fleire med i tolite
rklassen i Vestlandsmesterskapet, og har jobba med saka.
I år har Micheal Seilen kjørt to NM-rundar i tillegg til Vestlandsmesterskapet. Blir det fleire med til neste år tar han ein ny sesong i Vestlandsmesterskapet.
-I år har eg kjørt mot 3.4 biler frå store super, og i det siste løpet var det også med ein divisjon 1 bil i klassen Free For All som eg stiller i, seier Micken som kunne tenkt seg ein eigen toliterklasse.
Regelverket for Vestlandsmesterskapet har vore slik dei siste åra at dersom det er færre enn fem bilar i ein klasse under den første runden, blir denne slått i saman med klassen over. Slik det var i år var det berre rallycross nasjonal inntil 2400 kubikk som greidde dette kravet, resten av bilane frå supernasjonal og nasjonal vart samla i klassen Free For All.
-Det er nok biler på Vestlandet til at me kan stille med eit heat i toliterklassen, og her i Bergen har me ein dialog rundt dette no, og både Rudi Rossland, Steinar Stokke, Pål-M Olsen og Pirkka har lyst til å satse på Vestlandsmesterskapet neste år, og då treng me berre eit par bilar frå Vikedal så har me eigen klasse, sluttar han.
