På gulljakt
Trykk bildet for stor utgave.
Etter sølv i NM-bakke i år er Olav Fredriksen på jakt etter gull i rallycross i 2012. Foto: Rune Johannesen
Ford Focusen er selt til Håkon Ask og ein gamal Volvo 240 er på plass i garasjen, klar for full overhaling.
-Det var ikkje planen å selje Focusen, men Håkon hadde bestemt seg og eg fekk det eg ville ha, så då fekk det gå, fortel Olav Fredriksen om årsaka til at han no må starte bygging av ny bil før neste sesong.
-Volvoen er den som Morten Bjerke blei nummer tre med i norgescupen i år, og er ein bil som Ole Johan Smerud har køyrt, seier han, og meiner utgangspunktet er bra.
No startar snart jobben med å demontere bilen og byggje den opp igjen.
-Skal inn med ein 3 liters EVO motor, og ellers er planen å gjere den så fin og god som mulig, seier Olav, som legg til at målet er å hevde seg i toppen i store super både i rallycross og bakke.
-Lenge sidan eg har satsa på rallycross og det hadde vore moro om eg kunne fått til noko med Volvoen, og så har eg lyst til å køyre vidare i bakkeløps NM slik at det ikkje døyr heilt ut der.
