Positivt seminar
Trykk bildet for stor utgave.
NMK Vikedal gjennomførte eit startegiseminar i helga og leiaren i klubben Dag Fisketjøn er nøgd.
Odd Vidar Vik (t.v.); Knut Vidar Stuvik, Karl Otto Endresen, Akesander Skeie, Kjell Vormestrand, Reidar Skeie, Bjørn Magne Moland Enge, Knut Endre Fønnebø Ringhagen, Kenneth Johansen, Hallvard Finnvik, Solveig Reimers, Vivian Stuvik, Svein Erik Østbø ( framme t.v.) og Dag Fisketjøn var alle med på seminaret. Marius Vaka Lothe var ikkje til stades då bildet vart tatt.
- Det me no har fått frå gruppa som var med på seminaret er tydelege prioriteringe i høve drifta av klubben framover dei neste åra, både på organisering og sportsleg satsing, seier Dag Fisketjøn, og peikar på at dette no blir sendt vidare til handsaming på årsmøtet.
-Me har laga ei skriftleg oppsummering av det som skjedde på seminaret, som vil bli sendt til dei som var med, i tillegg til at det går vidare til handsaming i styret og på årsmøtet.
Årsmøtedatoen for NMK Vikedal er ikkje heilt fastsett, men møtet blir halde i siste del av november.
