Vil bli fast arrangør
Trykk bildet for stor utgave.
Når Lånke no får den andre EM-runden på rad, er målet å bli fast arrangør av ein runde i meisterskapen. Foto: Jan Kåre Rafoss / erc.com
EM i rallycross samla ca. 7.000 tilskuerar i løpet av dei tre dagane på Lånkebanen siste helg i juni i år. Meisterskapen blei ein arrangørmessig suksess. Både det internasjonale bilsportforbundets (FIA) representant, Andy Lasure, og førarane var begeistra for den nye EM-banen.
Lenge var det EM-runde på Lyngåsbanen, men den banen er akterutseilt. No er det kun Lånkebanen det blir satsa på i EM-samanheng. Blant anna bidrog Nord-Trøndelag fylkeskommune med over 1,25 millionar kroner i investeringstilskudd til oppgraderinga, som hadde ein totalkostnad på over fire millionar kroner.
– Vårt mål er å byggje opp eit meisterskap med sunn økonomi. Me legg til grunn trøndersk nøkternhet, og ønskjer heller 1.000 færre tilskuere, men at dei som kjem, både aktive og publikum, trives og opplever meisterskapet som positivt, sier Vordal, som legg til at første året hadde dei eit overskot på rundt 100.000 kroner.
– Me hadde ein del uforutsette utgifter, som me tok høgde for, og med same antall publikummerar neste år , er det muligheter for eit større overskot. Det viktigaste for oss er likevel at vi byggjer opp Lånkebanen som en fast EM-arrangør, sier Vordal på www.rallycrossinhell.com
