Vil gjere bilen betre
Trykk bildet for stor utgave.
Lars Reidar Frøyland satsar på at han skal kunne bite frå seg også neste år. Foto: holtenmedia
NMK Vikedal-føraren Lars Reidar Frøyland er stort sett nøgd med seongen 2011.
-Litt opp og ned har det gått, men med åtte pokalar i hylla er det ikkje heilt ille heller, og eg har sett at når alt stemmer kan eg henge med dei beste, seier han, som likevel peikar på at han driv med rallycrossen heilt åleine som eit einmannsteam, og har difor ikkje kapasitet til å kjempe om å vere i toppen heile tida.
Denne sesongen har det vore køyring i NMK Vikedal Cup, Vestlandsmesterskapet og Norgescupen som har stått på programmet. I norgescupen inntil 2400 kubikk, starta det med ein fjerde plass under opningsløpet på Eikås Motorsenter, medan han enda på ein 22. plass til slutt. I NMK Vikedal Cup vart han nummer to samanlagt, bak Johannes Holten Leifsen
medan det blei tredjeplass i Vestlandsmesterskapet, som også Johannes Holten Leifsen vann føre Stein Erling Tjelta.
No er det førebuinga til neste år som står på programmet, der han kjem til å halde fram i same bil.
-Sannsynlegvis skiftar eg ut heile forstillinga og tar ei overhaling av resten, seier han, som ikkje enno har heilt klart for seg kva han kjem til å køyre.
-Vestlandsmesterskap og Norgescup blir det nok, så får me sjå kor mykje lommeboka tillet og tida strekk til.
