Satsar vidare
Trykk bildet for stor utgave.
Johannes Holten Leifsen satsar på nytt Vestlandsmesterskap neste år. Foto: holtenmedia
Når Johannes Holten Leifsen tar eit tilbakeblikk på sesongen er han stort sett nøgd med sin første sesongen i rallycross i ein Ford Focus som han sjølv starta bygginga av for om lag eit år siden.
- Sesongen et over og me har lagt bak oss ein lang og kjekk sesong. I norgescupen har me ikkje heilt klart å følga opp det som me hadde som mål, men me har tatt med oss nokre gode tider og fått kjørt D-finalar iallefall. Me veit at både bil og sjåfør kan betre,så det blir spanande å sjå framover, seier han om norgescupen og peikar på at i Vestlandsmesterskapet har det gått over all forventning.
- Kun eit løp utan pallplass er eit reknestykke me likar, personleg er vel sigeren på Jærhagen den eg er mest nøgd med. Skjerpa meg i finalen og satte ein knallgod tid.
I vinter har Johannes om å forbetre bilen både i forstilling og muligens bakstilling.
-I tillegg skal me få av an nokre kilo og i tilllegg få vekta bilen meir i balanse,noko som me ikkje fekk gjort før sesongen i år. Motoren har heller ikkje vore bremsa så detta skal gjerast, kanskje me kan henta nokre ekstra krefter der, seier han, som ennå ikkje har klart for seg terminlista for neste år.
- Skal i alle fall kjøre Vestlandsmesterskapet og prøve å forsvare tittelen.
- Takka mekanikarane som har stått på under bygging, og førebuing til sesongen, før, under og etter løp. Heilt enormt bra service har eg fått, og stor takk og til alle sponsorane som vil vera med og støtta oss, sluttar Johannes som også rettar ein stor takk til alle i familien.
-Uten den hjelpa kunne eg rett og slettt ikkje halda på med dette.
