30. september2011

Mykje skal på plass

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Mykje skal på plass før det blir EM-finale
Dermed får Daniel Holten med seg ni av ti EM-rundar denne sesongen. Runden i Frankrike stod han over. Også i fjor var han i Tsjekkia på finaleløpet, kvalifiserte seg til A-finale og fjerde spor. Like lett trur ikkje Daniel det går no.
- Er likevel positiv til det som skal skje no og, og håpar eg kan avslutte sesongen med eit godt resultat.  Eg kjenner banen og veit kva eg går til, og om Saxoen fungerer, er dette heilt klart ein fordel.
Det er mykje som skal på plass for at Daniel skal kunne kome seg på EM-løp. Onsdag ettermiddag sette dei seg i løpsbussen på veg mot Tsjekkia.
-Denne gongen er det Per Vidar Flesjå som køyrer bussen nedover, og eg har med meg bror min Åsmund i bussen, resten av teamet kjem nedover med fly på fredag. Eg set stor pris på dei som på denne måten stiller opp slik at eg får med med også dette løpet.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>