Kan senke skuldrene
Trykk bildet for stor utgave.
For Johannes Holten Leifsen har det vore eit mål å bli Vestlandsmester. No er han det før finalen.
- Etter suksessen på Klepp sist helg blir finalen litt annleis enn eg hadde tenkt på forhånd, seier Johannes Holten Leifsen, som har sikra sigeren i meisterskapen før finalen, slepp press og kan senka skuldrene noko under løpet. Likevel er han sugen på å komma på pallen på laurdag som han har gjort i alle rundane i meisterskapen i år.
- Hadde eg klart å følgja opp den gode haustsesongen med seier så hadde det vore prikken over i`en.
Åtte førarar er påmeldt i klassen så blir det kamp berre å kome til finalen. Men Johannes er klar.
-Ein teknisk sjekk, hjulkontroll og litt flikking på bilen på fredag så er me klar. Focusen er faktisk ganske heil med tanke på at me har kjørt 11 løp til nå i år, og ein god del testing, seier Johannes, som
håpar folk tar turen på Vikedal Motorbane på laurdag.
-Så skal me prøva å laga litt show for dei oppmøtte.
Det er no klart at Johannes også får selskap i klassen av Sveinung Holten Leifsen.
-Eg skal køyre Ford Escorten til Per Magne Flatebø som bror min Ernst blei nummer to med på Klepp sist helg, seier Sveinung.
