Står over finalen
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan Strand Eikeland nådde ikkje A-finalen på Dokka og står over finaleløpet i Norgescupen. Foto: Rune Johannesen
Sjølv om han låg på ein fjerde plass etter første dag, vart det ei for dårleg tid i tredje omgang på søndag.
-Mykje regn gjorde at det blei eit bingoløp, og på søndag blei det endå verre og samanlagt var blei det berre godt nok til ein B-finale.
Her tok han starten, men blei forbikøyrd.
-Leia då eg gjekk inn i alternativen, men der var det glatt og vanskeleg og då eg kom ut igjen var det to som hadde passert meg.
No kuttar han finalen i Norgescupen til helga, og reiser heller til Bergen for får med seg eit løp i Vestlandsmesterskapet.
-Ja, har ikkje muligheter til å hevde meg i toppen samanlagt i norgescupen, og vurderer det, sluttar han.
