Klar for dei tre siste rundane
Trykk bildet for stor utgave.
Daniel Holten er klar for den åttande runden i rallycross EM og har i tillegg bestemt seg for å køyre dei tre siste.
Tysdag kveld går turen frå Vikedal til Larvik, der han får hjelp av Leif Bjarke Anderson til å køyre bussen ned til Austerrike og vidare til Polen der den niande runden går neste helg.
-Utan hans hjelp og andre frivillige hadde eg ikkje fått dette til, og eg set stor pris på at folk er villige til å ta seg fri frå jobb for å hjelpe. Utan denne hjelpa ingen EM for meg, seier Daniel, som også har med seg mekanikaren sin Simen Ødegården på turen.
-I tillegg kjem Arnstein Jensen ned til Polen og skal saman med far min køyre bussen heim igjen.
Bilen er no klar igjen for nye løp.
-Ikkje så mykje som er gjort sidan Nederland, men service, hjulstillingskontroll og litt ny plastikk på karosseriet har det blitt.
Når det gjeld dei tre siste rundane og innspurten i EM meiner Daniel at han med gode resultat i dei siste løpa kan klatre på samanlagtlista.
-Ligg på tiande plass med 14 poeng opp til femte plassen som eg har hatt som mål, og som eg framleis kan greie med litt tur i dei første løpa.
I Austerrike trur Daniel det blir vanskeleg, men ser fram til løpet i Polen.
-Den banen trur eg vil passe betre til Saxoen, så det gler eg meg til.
