Vann på heimebane
Trykk bildet for stor utgave.
NMK Vikedal-førarane Erlend Vikedal, Knut Endre F. Ringhagen, Johannes Holten Leifsen og Geir Harald Skeie ( bilde) til topps i NMK Vikedal Cup.
Geir Harald Skeie hadde kontrollen på cupen før finalen, og hadde også full kontroll under finaleløpet, der han vann alle tre omgangane.
-Med litt regn innimellom blei det slik eg hadde håpa på, og eg fekk utnytta bilen og motoren. Finalen vann han føre Bjørn Magne Moland Enge og Ingvar Auestad, og også her gjekk han i tet.
-Var forsiktig i starten på det sleipe underlaget, gjekk i tet og greidde å halde den inn til mål.
Auestad og Moland Enge kom også på dei neste plassane i cupen.
I minste klassen var Johannes Holten Leifsen i leiing for finalen, og sjølv om han måtte ta til takke med andreplassen bak Lars Reidar Frøyland tok han cupen med seks poengs margin til Frøyland.
-Hadde ingen muligheiter på Lars Reidar i finalen så det var greitt, seier Johannes, som også denne gongen sleit med opphenget.
-Me justerte undervegs og det blei betre mot slutten.
Overtok cupen
I bilcross junior var det Sondre Hundseid Eikeland som leia før finaleløpet, men han greidde berre ein 16 plass, og var dermed ute av kampen. Erlend Vikedal hadde ein god dag, vann B-finalen, gjekk direkte i tet frå dårlegeste startspor i A og hadde full kontroll. Dermed blei ein tredjeplass før finalen til cupsiger. Han var nøgd med Volvoen sin.
-I dag fungerte den veldig bra, seier Erlend, som også vann sine innleiingsheat i andre og tredje omgang.
Bilcross vil han halde fram med nmed same bil.
-Reint teknisk er bilen bra og eg fekk ny motor i vår, men den er rusta i karosseriet og eg bør vel skifte karosseri til neste år.
Håkon Tveit og Thomas Nonslid, begge NMK Vikedal, blei nummer to og tre i løpet.
Drog det i land
For Knut Endre F. Ringhagen blei det etter kvart vanskeleg på Vikedal Motorbane på søndag.
-Toppakningen rauk og kjølevatnet fossa ut av motoren, men me fylte på mellom kvar omgang og det heldt akkurat.
I finalen blei han nummer fem, men likevel godt nok til å ta cupen med tre poeng føre Joakim Bruland som vann løpet.
Dermed har Joakim Bruland overtatt leiinga i Vestlandsmesterskapet.
-Hadde som mål å halde han bak meg også der, men no passerte han meg med eit poeng og dermed blir det skikkeleg spennande, sluttar Knut Endre.
NMK Vikedal-førarane Glenn Olav Lothe og Hans Kristjan Kristjansson blei nummer to og tre i løpet i bilcrossklassen.
