27. august2011

Klar for innspurten

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Før sesongen kjøpte Geir Harald Skeie seg ein Volvo 240 for rallycross supernasjonal. No er han klar for innspurten i NMK Vikedal Cup, Vestlandsmesterskepet og NM.

No til helga er det finale i NMK Vikedal Cup, og neste helg er det finale i NM og til slutt tre løp i Vestlandsmesterskapet.
-Satsar på å få meg meg desse løpa på slutten, seier Geir Harald, som har hatt ein problemfri sesong med sin nye bil.
-Volvoen kjøpet eg i Sverige, og eg har stort sett berre køyrt og gjennomført nødvendig vedlikehald og service.
Motormessig er Geir Harald klar over at han har ein del å hente.
-Står ein 2.7 liter i bilen. I vår vurderte eg å byte i ein større motor som eg hadde ståande, men denne har fungert bra og då her det heller blitt køyring.
Når sesongen er over er Geir Harald Skeie klar på at han tar ein ny sesong.
-Kva det blir til bilmessig veit eg ikkje, men ein ny seong blir det.
Før søndagens finale i NMK Vikedal Cup er det berre NMK Vikedal-førarane Geir Harald Skeie og Ingvar Auestad som har køyrd begge dei to første rundane, og har vunne kvar sin gong.  Geir Harald har fem poeng å gå på til Auestad, og no satsar ham på ein ny siger.
-Det er det som er målet.

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>