23. august2011

Finale i NMK Vikedal Cup

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

På søndag går finalen i NMK Vikedal Cup på Vikedal Motorbane.

I bilcross junior har det blitt skikkeleg tett i kampen om cupsigeren.NMK Vikedal Cup går i år over tre rundar, og Gøran Spartveit og Sondre Hundseid Eikeland har tatt kvar sin siger. Dei ligg også i leiing før finalen, Sondre har 31 poeng, medan Gøran ligg poenget bak. Også Sindre Vikedal kan med sine 27 poeng blande seg inn i kampen om cupsigeren, det same kan NMK Bergen-føraren Atle Nordpoll Teigland som følgjer poeng bak dei tre NMK Vikedal Førarane.
For Sondre Hundseid Eikeland blir det ny bil denne gongen.
-Det blir det ein Passat fordi Golfen eg har køyrt med fram til no, vart øydelagd og skeiv sist eg køyrde med den i Bergen, fortel Sondre, som likevel har håp om å kjempe i toppen også på søndag.
-Passaten er større og litt annleis å køyre, men den har større motor og eg trur at eg skal kunne hevde meg med den og.

I bilcrossklassen for seniorane har Knut Endre F. Ringhagen fått ei åtte poengs leiing til Per Gaute Østbø. Hans Kristjan Kristjansson følgjer poenget bak
For begge bilcrossklassane er finalen i NMK Vikedal Cup også eit teljande løp i Vestlandsmesterskapet. Her leiar også Ringhagen føre ein annan NMK Vikedal-førar, Joakim Bruland.
-Dette blir eit viktig løp både i høve cupen og Vestlandsmesterskapet, seier han som er svært nøgd med sesongen så langt og BMW`n han køyrer.
-Bilen har fungert gjennom heile sesongen og no før dette løpet er det berre å vaske bilen og skifte olje så er den klar igjen.

I rallycross har Johannes Holten Leifsen eit grep om leiinga i minste klassen, og før finalen har han åtte poeng å gå på til Lars Reidar Frøyland. NMK Bergen-føraren Laila Bjørge følgjer deretter. Etter at det har gått stadig betre i Norgescupen, som Johannes Holten Leifsen også køyrer, er han lysten på å gå til topps i NMK Vikedal Cup.

-Det blir nok vanskeleg å gå til topps i løpet, men greier eg å dra i land sigeren i samandraget er eg nøgd, seier Johannes, som stort sett er klar med sin Ford Focus til løpet.
-Litt finpuss før løpet blir det nok, men elles skal den vere klar.
I den største rallycrossklassen er det berre NMK Vikedal-førarane Geir Harald Skeie og Ingvar Auestad som har køyrd begge dei to første rundane, og har vunne kvar sin gong.  Geir Harald har fem poeng å gå på til Auestad, og no satsar ham på ein ny siger.
-Det er det som er målet.
Før sesongen kjøpte Skeie  ein Volvo 940, som han har køyrt både NM og EM-supportrace med.
-Bilen er bra den, men med litt liten motor blir det hardt å halde følgje om det blir tørt og dei andre få nytta kreftene sine.

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>