Har oppgradert motoren
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan Strand Eikeland har oppgradert motoren og håpar på eit nytt godt resultat under den tredje runde i norgescupen til helga. .
Etter at han kom på pallen under den første runden i Bergen, gjekk det dårlegare i Trøndelag i juni.
-Hadde fusk i motoren i Bergen òg, men i Orkla blei det skikkeleg gale, og det gjekk ikkje godt i det heile, seier Ørjan Strand Eikeland, som no vonar han har fått bukt med problemet.
-Ivar Finnvik har sett inn eit heilt nytt innsprut, og me var på Vikedal Motorbane på laurdag og fekk gjort dei siste innstillingane og det verka bra.
Før den tredje runden på Grenland Motorsport Senter ligg Ørjan på ein fjerde plass i norgescupsamandraget i største klassen, eit poeng unna bronsen.
-Satsar på ein A-finale på søndag, og greier eg det er målet å kome så høgt opp som mulig.
