31. juli2011

Sindre Vikedal best

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Sindre Vikedal (tre frå venstre) gjorde det best av NMK Vikedal sine 5 deltakerar på årets Landsfinale for bilcross junior lørdag. Han vart nr. 22 av dei 91 deltakerane som kom til start.
Litt tekniske problemer under prøvekjøringa før avreise torsdag, gjorde at det vart litt hektisk, men med god hjelp fekk dei løyst problema. Han vann greitt sitt heat i 1. omg og tok ein andreplass i 2. omg. I 3. omgong vart det ein tett kamp mellom 3 førerar om seieren. I denne kampen må juryen ha sett noko ulovleg, for Sindre fekk svart flagg og dermed 0 poeng i denne omgongen. Med ein første- eller andreplass her, ville han vore med i C-finalen. I staden vart han ståande med 17 poeng og fekk med det 2. startspor i E-finalen. Her hadde han ein fin kamp om seieren, men måtte til slutt ta til takke med ein 2. plass, og dermed 22. plass totalt.
Dei andre deltakerane frå NMK Vikedal nådde ikkje finalane denne gongen. Gøran Spartveit vart nr. 36 etter 2 fjerde- og 1 andreplass, Gisle Flatraaker Aarbø nr. 38 etter 2 tredje- og 1 fjerdeplass og Andrè Hustoft Nesheim nr. 81 etter sjette-, fjerdeplass og eit svart flagg. Sondre Hundseid Eikeland kjørte trening fredag utan problemer. Når han starta Golfen lørdags morgon kasta den ut olje og han måtte gi seg utan å få stilla til start ein gong. Som eit lite plaster på såret fekk han ein stor pokal som Landsfinalens mest uheldige. Den mest uheldige etter løpet var Gøran Spartveit, som måtte reisa heim utan bil. Den vart seld på bud etter løpet.

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>