30. juni2011

Daniel Holten klar for Høljes

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Daniel Holten er klar for Høljes med sin Citroen Saxo.

Daniel Holten er klar igjen med sin Citroen Saxo for årets høgdepunkt, EM-runden på Høljes.
-Etter at det blei lite køyring på Lånke, ingen finale og null poeng, ser eg fram til løpet til helga, seier Daniel, som har vore på Austlandet denne veke og klargjort bilen.
-Fekk oljelys i andre omgang på Lånke, og det har vore nødvendig å gjennomføre ein kontroll av dette for å få sjekke at alt er i orden.
Dette har dei fått gjort hos Enerberg Motorsport, og deretter køyrt testing på Krabyskogen.
- Alt er ok no og me er på plass her i Høljes og held på å rigge oss til.
Daniel køyrde sitt første løp på Høljes under EM-runden i fjor og blei nummer fire.
-Litt begynnarflaks kanskje, men eg hadde fjerdetida både på tidskjøringa og i tredje omgang, så det gjekk ganske bra.
For første gong er Daniel Holten tilbake på ein EM-bane for andre gong.
-Det er heilt klart ein fordel, og eg håpar på eit godt resultat også i år.
Samanlagt ligg Daniel på ein niande plass, men har ikkje gitt opp ein topp fem plassering til slutt.
-Eg held fast på det, og har som mål å få med meg poeng frå Høljes.

Meir info om Høljes

EM-stillingen

Meir om EM

Norwegien Rallycross Team

Holten Motorsport

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>