Bakkerud suveren
Trykk bildet for stor utgave.
Andres Bakkerud står med to sigrar og to andreplassar etter fire rundar og har ei suveren leiing.
Målet for Andreas Bakkerud denne sesongen er å ta ta EM-gull, og etter fire rundar er han på god veg. Til helga går den femte og siste runden dette halvåret, og etter det skal eit løp strykast. Bakkkerud kan i realiteten stå over løpet på Høljes og likevel vere i solid leiing.
Bak er det meir spennande. Dansken Ulrik Linnemann ligg på andre plass med 43 poeng, og det er berre 9 poeng ned til Johan Larsson som ligg på sjetteplass med 34 poeng.
Etter at det blei null poeng på Daniel Holten på Lånke ligg han no på ein niande plass med 25 poeng. I fjor blei Daniel nummer fire på Høljes, og med eit nytt godt resultat til helga er han framleis med i kampen om ei topp fem plasserimg som han har som si målsetting denne sesongen.
Super 1600 etter fire runder
| Pos | Drivers | BR | PRT | FRA | NOR | Pts |
| Andreas Bakkerud (NOR) | 20 | 20 | 17 | 17 | 74 | |
| 2 | Ulrik Linnemann (DNK) | 13 | 17 | 0 | 13 | 43 |
| 3 | Zdenek Cermak (CZE) | 15 | 11 | 6 | 6 | 38 |
| 4 | Ildar Rakhmatullin (RUS) | 6 | 9 | 0 | 20 | 35 |
| = | David Johansson (SWE) | 0 | 12 | 13 | 10 | 35 |
| 6 | Johan Larsson (SWE) | 7 | 13 | 3 | 11 | 34 |
