Blei nummer ni
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan blei nummer ni i den andre runden i Norgescupen. Motorproblem øydela for ei ny topplassering.
Femtetida i første omgang var det mest oppløftande under den andre runden i Norgescupen, som gjekk i Løkken Verk i Meldal i helga.
-Me sleit med dei same problema som me hadde i Bergen, med eit innsprøytningssystem som ikkje fungerte, og bilen vart til slutt svært vanskeleg å køyre, seier Ørjan, som valde å stå over B-finalen der han var klar for fjerde sporet.
-Dermed blei det sist i B og ein niande plass i løpet, noko som ikkje er godt nok i høve til dei målsettingane me har.
No er planen å få gjort noko med problemet.
-Me skal sjå på dette no og vurdere å skifte ut innsprøytningssystemet.
