Klar for andre runde
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan Strand Eikeland ligg på andre plass i den største klassen i Norgescupen i rallycross nasjonal. No er han klar for andre runde.
-Er veldig glad for at eg har fått dette utgangspunktet, for under den første runden i Bergen blei det mykje trøbbel.
På tidstreninga smalt han i railen, og gjennom heile stemnet hadde han fusk i motoren.
-No har me vore med bilen hos Ivar Finnvik, og vonar me har fått bukt med motorproblema, seier Ørjan, som håpar på ein ny A-finale og eit nytt godt resultat i Trøndelag.
