Focus 2

Nesten i finale

Sjølv om Sveinung Holten Leifsen hadde ei stigande kurve på Lyngås, under den andre NM-runden i rallycross, glapp finalekøyringa.
Etter at han hadde køyrd 15. og 16 . tider i dei to første omgangane, slo han til med ei 11. tid i tredje omgang. Likevel blei det ingen finale på Sveinung Holten Leifsen denne gongen heller.
-Hadde same poengsum som Vegar Åslund, som fekk den siste plassen i C-finalen, men han hadde ei betre omgangstid enn meg, fortel Sveinung, som likevel er godt nøgd med dagene på Lyngås.
-Kjekk bane, og på treninga fredagskvelden syns eg at eg fekk det skikkeleg bra til og det var kjempemoro.
Deltakartalet i toliterklassen har auka i år, og var den største av dei tre supernasjonalklassane på Lyngås med 24. deltakarar.  Med 11. tida i tredje omgang føler Sveinung at han nærmar seg nivået han har tenkt seg.
-Målet er sette meg før sesongen var å kome inn blant dei ti beste i samandraget. Det spørs om greier det no med to løp utan finale, men til helga går tredje runde i Orkla, så det er berre å prøve igjen, sluttar han.

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *