26. mai2011

Sveinung Holten Leifsen klar for Lyngås

av Sivert Ole
Trykk bildet for stor utgave.

Sveinung Holten Leifsen er klar for andre NM-runde i rallycross i sin Ford Fiesta. Finalekøyring  er målet.
Etter første runde i Bergen har det vore ein grei jobb å gå over bilen.
-Ikkje så mykje, men litt flikking og service har det vore, seier Sveinung, som no i helga tok turen frå Sverige til Vikedal for å få med seg ei trening heime på Vikedal Motorbane.
-Fekk køyrt ein god del, og i tillegg oppdaga me nokre feil som me no har rette opp.

Alle har eit forhold til Lyngås-banen, også Sveinung, sjølv om han berre er 18 år.
-Alle snakkar om at dei ser fram til å køyre der, også eg, og det er noko spesielt med denne gamle EM-banen.
Sveinung har brukt litt tid på å køyre seg inn på Fiestaen, og ei spesiell utfordring har det vore med den sekvensielle girkassen.
-Det gjekk mykje betre utover i stemnet på Eikås, og eg håper at dette vil halde fram på Lyngås, og som i Bergen køyrer eg for finale og mest mulig køyring,  seier han.

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>