På andre plass i Bergen
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan nådde A-finalen og køyrde seg opp til ein andreplass under Norgescupopninga på Eikås Motorsenter i helga.
Målet for Ørjan var å kome seg til A-finalen, men både etter tidskjøringa og første omgang såg dette ut til å bli vanskelig.
-På tidskjøringa køyrde eg inn i ein betongkant, og både då og i første omgang sleit me med å få motoren til å gå skikkeleg.
Det vart jobba med dette i teamet, og i andre omgang vann han sitt heat og sette ei bestetid i omgangen.
-Full klaff då, og etter ei skuffande niande tid i første omgang, forstod eg at når alt fungerte kunne dette gå.
I tredje omgang blei det ei sjettetid og han var klar for finalen. Her kom han dårleg ut, og kjempa om ein fjerde – femte plass.
-Då var det plutseleg to-tre førarar som var innblanda i ein samanstøyt før meg, og som eg greidde å ta meg forbi.
Dermed var Ørjan oppe på andre plass, ei plassering som han heldt inn til mål.
-Målet mitt for denne satsinga har vore å vere med å kjempe i toppen i Norgescupen, og at eg greidde det med dei problema me hadde i helga er eg svært godt nøgd med.
