Målet er A-finale

Ørjan Strand Eikeland køyrer for A-finalen når han stiller til start under NM-opninga i Bergen til helga.

 

Ørjan har tatt mål av seg å vinne Vestlandsmesterskapet og blande seg inn i toppen i Norgescupen denne sesongen. Etter første runde i Vestlandsmesterskapet ligg han på andre plass her, no er han spent på nivået i Norgescupen.

-Det veit eg lite om, men med ti bilar i klassen køyrer eg for ein A-finale og så får me i første omgang sjå om det går, seier Ørjan, som har kjørt fire løp med sin Volvo 240 etter at han kjøpte bilen i mai i fjor.

-Har kjørt i Vikedal og i Bergen. Køyrde supernasjonal i NM-runden på Vikedal Motorbane i fjor, og då kom eg meg nesten til B-finalen. Under løpet i Vikedal no i helga fann me ut ein del i høve til starten, og eg føler at ting går stadig betre.

Ørjan har brukt løpa fram til no for å finne ut av korleis det er å køyre Volvo.

-Før det har eg køyrt bilcross i junior og senior i VW Bolble, så dette blir noko anna

 

Kommentarar:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *