Andre plass i Vikedal
Trykk bildet for stor utgave.
Ørjan er godt nøgd etter at han køyrde inn til ein ny andreplass på Vikedal Motorbane på laurdag, under opninga av Vestlandsmesterskapet. No er han klar for Norgescupen.
-Sleit litt med startane, men justerte turtallet og fekk det bra til i tredje omgang og i finalen, forklarar Ørjan, som føler at han dermed har det meste på plass før Norgescup-opninga i Bergen til helga.
-Målet for Ørjan denne sesongen er å vere med å kjempe om Vestlandsmesterskapstittelen og ei topplassering i Norgescupen.
-Med andre plassen på Vikedal Motorbane er eg i rute i Vestlandsmesterskapet, så får me berre håpe at me får ting til å fungere like bra i Bergen.
